Korleis komme i gong med trening?

January 6, 2015

Av: Marie Nikolaisen

 

Sidan det er nyår og mange forbinder «eit nytt år med nye moglegheitar» med trening, tenkte eg at eg kunne skrive litt om korleis ein kjem i gong. Det er mange der ute som er usikker på korleis ein skal gå fram og kva ein bør gjere og ikkje gjere.

 

 

Komme seg på trening

 

Det fyrste steget er å komme seg ut døra og på trening. Ikkje tanken på trening i morgon eller dagen etter eller neste mandag, men å faktisk komme seg ut I DAG. Det er ikkje enkelt å byrje, og for mange så vil sikkert usikkertheita rundt kva ein skal trene og korleis, stoppe ein. Ikkje minst tanken på kor dum ein føler seg og om andre ser på ein, men eg vil sei at når ein har komme seg på trening då er fyrste steget og kanskje det største steget gjort! Om ein syns det er litt skummelt i starten kan det vere fint å avtale med ein venn slik at det kjennes litt tryggare. Ofte er det vanskeligare å droppe trening om ein allerede har ein avtale med ein venn og. Vinn-vinn for begge partar!

 

Skaff deg kunnskap -> GOOGLE IT!

Les på internett, få råd av venner og familie, spør dei på treningssenteret og søk øvelsar på youtube. På internett står mykje treningsinformasjon. Trening er i vinden og ein finn omtrent kva ein ynskjer når ein søker opp. Ein kan for eksempel søke opp videoer av utføring av ulike øvelser på youtube. Ein kan finne treningsprogram, og ikkje minst lese om korleis trening påvirkar kroppen fysiologisk for dei mest interesserte. Kunnskap er makt! Samstundes fins ingen fasit på kva som er rett eller galt for DEG. Det er ikkje all trening som passar for alle, og det er alltid ulike vegar å gå fram på. Ein må rett og slett prøve seg litt fram og finne noko ein trives med og som fungerer for ein. Ver nysgjerrig og spør og grav! Spør om andre kan vise øvelsar, spør kva musklar som vert trent og spør om andre kan sjå på di utføring. Kva vil då ikkje vere betre enn å spørje dei som arbeidar på treningssenteret? Ikkje ver redd for å spørje! Ingen spørsmål er dumme og som oftast er andre på treningssenteret veldig hjelpsame. Bruk andre til nytte for deg sjølve og DI HELSE.

 

Lag ein plan med mål og belønning

Når ein då har kome seg på trening så er det greit å ha ein plan. Få hjelp til å finne eit treningsprogram på treningssenteret eller søk opp på internett. Det kan ofte vere ubehagelig og ikkje ha ein plan når ein ikkje er heilt kjent med apparater og øvelser. Når ein fyrst har ein plan så veit ein kva ein skal gjere og då blir fort alt mykje enklare. Deretter lag ein plan for kva dagar ein skal trene. For nokon hjelper det å ha faste dagar og tidspunkt slik at ein ikkje skal bestemme den dagen om ein skal trene eller ikkje, då blir det ofte til at ein utset treninga. Lag deg mål for treninga. Det er lurt med både kortsiktige mål som til dømes å klare antal kilo i ein øvelse eller antal kilometer på tredemølla. Eksempel på langsiktige mål kan vere å gå ned i vekt, bygge musklar, klare vanskelige øvelser, springe mila, maraton eller liknande. Alle har ulike ynskjer og ulike mål. Skriv det ned og lag ein plan for korleis DU kan nå målet ditt. Det kan og vere lurt å belønne seg litt etterkvart som ein har nådd måla sine. Det kan vere store belønningar eller små belønningar, men belønning gjer motivasjon og gjer at måla ein har satt seg blir enda enklare å jobbe mot.

 

Ver realistisk

Dette er det kanskje det viktigaste punktet. Altfor mange startar for hardt ut i januar, og av samme grunn fell dei fleste frå etter få veker. Ikkje start for hardt. Ta heller ei veke om gongen. Ein treng ikkje trene 2 timar 5 gongar i veka for å komme i form. Det kan vere meir enn nok å byrje med 30-60 minutt 2-3 gongar i veka, og auke etterkvart. Det at mange startar for hardt ut, kan ofte skuldast at motivasjonen er på topp og at ein er utolmodig med å komme i form eller nå eit mål. Ofte kan det og vere så gøy å trene at ein blir så gira og det endar med fleire treningar i veka enn planlagt. Eg skal ikkje fraråde nokon frå å trene, men ofte er det lurast å halde litt tilbake i byrjinga slik at ein får den restitusjonen og gradvis oppbygginga av kroppen som ein eigentleg ynskjer. Om ein likevel ynskjer å trene mykje frå starten av kan ein jo ta nokre rolige økter dei dagane utenom treningsdagane. Og vere aktiv er ikkje vondt for nokon!

 

Variasjon

Det er fort gjort at ein ender opp i same mønster. Det fins uendelig mange måtar og trene på. Ein har styrketrening, springing, sykling, eigenvektstrening, sirkeltrening, spensttrening, balansetrening, bevegelighetstrening og så vidare. Som du skjønar er lista lang... Prøv noko nytt både fordi kroppen har godt av ein heilhetlig og god utvikling, og fordi det kan vere motiverande å prøve noko nytt i blant. Med variasjon kan ein og unngå overbelastning!

 

Finn noko du trivst med

Som sagt så fins det utrulig mange treningsformer og alt passar ikkje for alle. Det å prøve seg litt fram og finne noko ein likar og syns er gøy, er ofte nøkkelen til at ein kjem seg på trening neste gong. Å finne noko ein passar til og meistrar føles godt for både sjølvbilete og motivasjonen. Prøv noko nytt og våg å gå utav komfortsona di. Kvardagen har ofte trygge rammer som me trivst godt inni, og som me sjelden trør ut av. Å utfordre seg sjølv kan verke positivt for framgong i treninga. Å utfordre seg sjølv til å våge meir kan og gje eit bedre sjølvbilete og betre sjølvtillita. Mestringsfølelse er ein god følelse. Å finne noko som passar til nettopp DEG vil vere gull verdt om ein skal ha lyst til å forsette å trene.

 

Kort oppsummert om korleis ein skal byrje og trene vil punktlig vere:

- Komme seg på trening

- Skaffe seg kunnskap

- Lage ein plan med mål og belønning

- Ver realistisk, ikkje start for hardt

- Ha variasjon i treninga

- Finn noko DU trivst med

 

Håper dette var til hjelp og ettertanke. GOD TRENING!

 

 

 

 

 

Søkeord

Please reload

POPULÆRE INNLEGG

KANONTILBOD!!

August 14, 2016

1/10
Please reload

NYLEGE INNLEGG

14/08/2016

20/03/2016

29/07/2015

Please reload

ARKIV
Please reload

Følg oss på Instagram: Tysnes Treningssenter

Del treningsbilda dine: #tysnestreningssenter

HER FINN DU OSS
OPNINGSTIDER

Mandag

Tirsdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

 

Lørdag

Søndag

 

- 05.00 - 23.00 

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

 

- 06.30 - 22.00

- 06.30 - 23.00

 

 

KONTAKT OSS

Tysnes Treningssenter AS

Besøksadresse:

Uggdalsvegen 283

5685 Uggdal

 

kontakt@tysnestreningssenter.no

Tlf: 917 95 221

- FRIVEKTER - STYRKEAPPARAT - SPINNING - GRUPPETRENINGAR - PERSONLEG TRENING - KOSTHALDSVEGLEIING - KURS -

© 2014 Tysnes Treningssenter AS - Facebook: Tysnes Treningssenter - E-post: kontakt@tysnestreningssener.no - Tlf nr: 91795221 - Org. nr: 914 080 045

Sist oppdatert: 06.04.20