Motivasjon
Eg veit at fleire kjennar seg igjen i dette (inkludert meg sjølv) Kva må til for å likavel komme seg på trening då? JO! - Søk opp inspirerande treningsmennesker, sitat, blogger, forum og videoer. La andre inspirere deg til å få lyst til å trene! - Saml energi! Ta ein 10 minutters middagslur og hiv i deg litt kaffi. - Start med å ta på deg treningsklær, når du fyrst har fått på treningsklær, så er det kanskje allereie forseint og snu. - Ta «før og etter» bileter av deg sjølv og ta fram desse bileta og bruk deg sjølv som din eigen motivasjon. - JUST DO IT! Nike sitt treningssitat «just do it» eller «berre gjer det», går aldri av moten og fungerar til ALT. Viss du berre gjer det utan og tenke, så vil det jo skje! - Ta ei alternativ økt. Gå utanfor treningsprogrammet og tren akkurat det du har lyst til i dag. - Legg klar treningsklær kvelden før, og start dagen med å trene. Kanskje du allereie har komme deg på trening før du rekk å tenke deg om. - Ring ein venn og ta ei treningsøkt sammen. Og/eller avtal med ein venn at på umotiverte dagar så må ein hjelpe og motivere kvarandre til å gå å trene. Til slutt 3 spørsmål til deg sjølv Kvifor trener DU? Kva motiverer DEG? Korleis kan DU komme deg på trening på dagar du er umotivert? Viss du har svaret på desse 3 spørsmåla så blir det mykje enklare å kome seg på trening. Eg lovar. GOD TRENING!