Open dag og ny Personleg Trenar
Fredag 24. april inviterar Tysnes Treningssenter til open dag frå kl 13.00 – 18.00.
Kom innom for ein kopp kaffi, ulike smaksprøvar, ta ein kikk og slå av ein prat. Ein kan og melde seg inn, få ein gratis prøvetime eller kjøpe ein dropp-inn time. Me sel og alternative bakeprodukt.
Bli kjent med våre to personlege trenarar, Hilde Marie og Birgitte. Birgitte Holt bur i Bergen og kjem til å vera ein dag i veka på treningssenteret vårt for å tilby PT-timar til dei som ynskjer, både til medlemmer og ikkje-medlemmer av Tysnes Treningssenter.
Birgitte Holt er utdanna personlig trenar nivå 1 og 2 (rehabilitering og elite trener) ved Active Education i Oslo. Nokon av fokusområda er vektnedgang, livsstilsendring og forebygging og opptrening av skade.
Ho ønsker å hjelpe alle sime kunder til å bli den dei sjølv ønsker å være. Ho er veldig fokusert på å nå dine mål så fort som mulig, men på ein sikker og helsebringande måte. Birgitte har sjølv opplevd korleis skader kan endre ein ellers aktiv kvardag og ønsker å kunne hjelpe andre som trenger å få styrka seg etter skader, tilbake til hverdagen.
I tillegg til den personlege trenerutdanninga studerer ho siste året til bachelor i ernæringsfysiologi ved Bjørknes Høyskole. Ho meiner at ernæring har stor betydning for resultater innan vektendring og prestasjon innan fysisk aktivitet og tilbyr kostveiledning for sine kunder.
Vil du ha ein trenar som både motiverer og gir deg ei hyggeleg og kjekk treningsøkt, så ta kontakt med Birgitte.
For meir informasjon ta kontakt med oss på kontakt@tysnestreningssenter.no,
tlf 91795221 (Hilde Marie)
eller birgitte-91@hotmail.com, tlf 90101596 (Birgitte)
Minner og om motivasjonskurs helga 24. og 25. april i Grendatun. :D
Hilde Marie og Birgitte :)