Kurs om fermentert mat og drikke


Unn deg sjølv eller nokon andre ei førjulsgåve! Har du lyst til å lære om fermentert mat og drikke? Bli med på kurs! På lørdag 12. desember 2015 blir det mulighet til å lære meir om fermentert mat og drikke og få ein smaksprøve av forskjellige fermenterte produkt. (Forbehold om nok påmeldte) Kurset blir på Tysnes Treningssenter (i Grendatun) frå 12.00 - 13.00.

Kurset kostar 200 kr som inkluderer ei flaske med Kombuca (produkt frå Urte-haven) og Bio-dophilus (gode tarmflorabakteriar) til å lage yoghurt av. Me er heldige og har fått Tove Riise Grastveit frå Stord som er autorisert sjukepleiar og diabetessjukepleiar til å komma til Tysnes for å ha kurs for oss! Påmelding på e-postadresse toveriigra@gmail.com eller mobil 99634660 Kva er fermentering eller mjølkesyregjæra mat? Fermentering, eller mjølkesyregjæring, er ein eldgammal og tradisjonell metode for å konservere og oppbevare mat, i mangel på moderne oppfinningar som frysarar, kjøleskap og hermetikk. Alle kulturar som et kjent for sin høge levealder og god helse, viser seg å vektlegge fermentert mat og drikke i sitt daglige kosthald. Ved fermentering blir stivelse og sukker omdanna til organiske syrer, ved hjelp av mjølkesyreproduserande bakteriar som finnes i små mengder på levande organismar. Dei organiske syrene er naturlige konserveringsmiddel som bevarer næringsstoff og forebygger råtning. Enzymnivået flyr til himmels, og ofte aukes også innhaldet av vitaminer. Mjølkesyrebakteriane fôrer dei gode bakteriane i tarmsystemet vårt, slik at dei tar over dei uønska. Ved å fermentera mat får me massevis av gunstige probioptiske bakteriar som høyrer naturlig heime i tarmen. (Frå jord til bord, Gry Hammer)


POPULÆRE INNLEGG
NYLEGE INNLEGG