Motivasjon

January 14, 2015

Av: Marie Nikolaisen Foto: Inger-Marie Sæverud

No i januar er dei fleste supermotiverte og klar for å byrje og trene igjen, men kva gjer ein når motivasjonen fell av?

Når ein byrjar og trene er det lurt å tenke over kvifor ein vil trene og kva som lønar seg ved trening. Trening skal ikkje berre vere noko ein gjer her og no, fordi ein veit at ein bør trene. Trening skal gje meining for DEG og gje deg noko tilbake for alle dei timane og energien du har lagt i treninga.

Tenk over kvifor DU trener

Til dømes...
Eg trener for det gode kjensla etter ei treningsøkt.
Eg trener fordi trening gjer meg tid til meg sjølv
Eg trener for å fungere optimalt i kvardagen og ha overskudd.
Eg trener fordi eg ynsrkjer å sjå bra ut på stranda i sommar.
Eg trener for å få betre sjølvtillit og sjølvbilete.
Eg trener for å ha det gøy, og fordi eg vil bli god.
Eg trener for å få ei betre helse og for å sleppe å ha vondt i ryggen.


Det finns mange individuelle grunnar til at me trenar. Det er viktig at ein gjer seg litt bevisst på kvifor ein gong på gong drar seg ut av den mjuke sofaen og på trening.

Nokon gongar hjelp det på motivasjonen og tenke over kvifor ein i fyrstninga starta, andre gongar hjelper det ikkje.

Kva gjer ein då?

Det er altfor enkelt og droppe trening NÅR sofaen var litt for god og det var noko kjekt på                                                                     tven.
                                                          NÅR ein har sove litt mindre enn planlagt ei natt.
                                                          NÅR ein må arbeide overtid.
                                                          NÅR ein allereie har skeia ut med melkesjokoladen.


Eg veit at fleire kjennar seg igjen i dette (inkludert meg sjølv)
Kva må til for å likavel komme seg på trening då?

JO!

- Søk opp inspirerande treningsmennesker, sitat, blogger, forum og videoer. La andre inspirere deg til å få lyst til å trene!

- Saml energi! Ta ein 10 minutters middagslur og hiv i deg litt kaffi.

- Start med å ta på deg treningsklær, når du fyrst har fått på treningsklær, så er det kanskje allereie forseint og snu.

- Ta «før og etter» bileter av deg sjølv og ta fram desse bileta og bruk deg sjølv som din eigen motivasjon.

- JUST DO IT! Nike sitt treningssitat «just do it» eller «berre gjer det», går aldri av moten og fungerar til ALT. Viss du berre gjer det utan og tenke, så vil det jo skje!

- Ta ei alternativ økt. Gå utanfor treningsprogrammet og tren akkurat det du har lyst til i dag.

- Legg klar treningsklær kvelden før, og start dagen med å trene. Kanskje du allereie har komme deg på trening før du rekk å tenke deg om.

- Ring ein venn og ta ei treningsøkt sammen. Og/eller avtal med ein venn at på umotiverte dagar så må ein hjelpe og motivere kvarandre til å gå å trene. 


Til slutt 3 spørsmål til deg sjølv

Kvifor trener DU?
Kva motiverer DEG?
Korleis kan DU komme deg på trening på dagar du er umotivert?

Viss du har svaret på desse 3 spørsmåla så blir det mykje enklare å kome seg på trening. Eg lovar.

GOD TRENING!

Please reload

POPULÆRE INNLEGG

KANONTILBOD!!

August 14, 2016

1/10
Please reload

NYLEGE INNLEGG

14/08/2016

20/03/2016

29/07/2015

Please reload

ARKIV
Please reload

Følg oss på Instagram: Tysnes Treningssenter

Del treningsbilda dine: #tysnestreningssenter

HER FINN DU OSS
OPNINGSTIDER

Mandag

Tirsdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

 

Lørdag

Søndag

 

- 05.00 - 23.00 

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

- 05.00 - 23.00

 

- 06.30 - 22.00

- 06.30 - 23.00

 

 

KONTAKT OSS

Tysnes Treningssenter AS

Besøksadresse:

Uggdalsvegen 283

5685 Uggdal

 

kontakt@tysnestreningssenter.no

Tlf: 917 95 221

- FRIVEKTER - STYRKEAPPARAT - SPINNING - GRUPPETRENINGAR - PERSONLEG TRENING - KOSTHALDSVEGLEIING - KURS -

© 2014 Tysnes Treningssenter AS - Facebook: Tysnes Treningssenter - E-post: kontakt@tysnestreningssener.no - Tlf nr: 91795221 - Org. nr: 914 080 045

Sist oppdatert: 06.04.20