HIT-trening!
Tysdag 07. april startar me opp med ein ny gruppetime i Grendatun.
Det blir høg-intensitetstrening (HIT) i 30 minutt.
Me brukar eigen kroppsvekt og øvelsane har eit intervall-liknande preg.
Det er fokus på store muskelgrupper, samt mage/rygg. Timen inkluderer blant anna generell styrke, hurtighet, kondisjon, balanse og spenst.
Dette kan du trena kvar tirsdag kl 18.45 – 19.15 med Birthe og nokon av dei andre instruktørane våre.
Treninga passar for alle, og det er ingen krav til form. Alle øvelsane kan tilpassast ulike nivå.
Pris: 40 kr pr gong for drop-in (kontant). Klyppekort: 10 klypp (35 kr pr gang)
HIT timane er GRATIS for alle våre medlemmer! :D
Bli med du og! :)
